Månedens BETONG PROFIL!

I Norsk Betongforening sin serie månedens betongprofil trekker vi frem personer hvis karriere eller personlige engasjement kan være til inspirasjon for andre.  Vi ønsker å vise hvor spennende de ulike jobbhverdagene i vår bransje kan være.
Denne måneden holder vi oss sørvest i landet og blir bedre kjent med en ung og engasjert fagentusiast som behersker både konstruksjonsfag og betongteknologi.
Månedens betongprofil er: Ole Garborg Østrem

Velkommen til månedens betongprofil og la oss bli bedre kjent med Ole Garborg Østrem!

 

Kan du fortelle hvilken stilling du har og litt konkret om hva du jobber med på en vanlig (eller uvanlig) arbeidsdag?  

Eg er konstruktør i Block Berge Bygg. Det betyr at eg er ansvarleg for berekning, dimensjonering og teikning av bygget i dei prosjekta eg blir med i. Frå før har eg erfaring som betongteknolog og bidrar med det eg kan på den fronten også, enten det er å redusere CO2 utsleppet i betongen, betre konsistensen eller endre ande eigenskapar i betongen. I 2016 fekk eg ansvaret for å utvikle ein svært spesiell type betong som heiter geopolymer som skulle til eit prosjekt kor kunden hadde behov for betong med ekstremt god varmemotstand. Dette var langt utanfor standardverket og me måtte ha med Sintef på laget for å dokumentere eigenskapane. Erfaringa eg fekk i dette prosjektet gjorde at eg blei tilbydd jobb i Saferock i 2019. Saferock har som mål å utvikle ein fullverdig geopolymer til heile bygg og anleggsbransjen og i 2020 blei eg med på laget. Etter å ha jobba med betongteknologi (og geopolymerteknologi) i totalt 5 år kjente eg likevel at det var på tide å byrje med skikkeleg konstruksjonsarbeid. Det er tross alt det eg sleit meg gjennom 5 år på universitetet for å bli. Så nå er eg her og er svært klar for å gripe tak i konstruksjonsarbeidet, sjølv om betongteknologiviruset blir eg nok aldri heilt kvitt.

 

Hvordan havnet du i betongbransjen/hvorfor hadde du lyst til å jobbe med betong? 

Som student hadde eg deltidsjobb på Rema 1000 og blei oppmuntra av fleire eg kjente om å få meg jobb i eit byggfirma sånn at eg ikkje ville ver heilt grøn som ferdigutdanna. Eg søkte deltidsjobb fleire plasser og fekk ja hjå Block Berge Bygg. Dei har litt spesielle kriterium for kven som får jobb for det var det at eg hadde vore avløysar som var avgjerande virka det som. Sånn er det vel med Jærske bedrifter. Vel og merke så hjelpte det at eg studerte til å bli byggingeniør også.
Her hamna eg i veggproduksjonen og arbeida mykje med armering. Eg skreiv både bachelor og master om fiberarmert betong og blei dermed meir og meir aktiv i blandeverket til Block Berge. Etter kvart blei det vel berre klart at eg i praksis fungerte som betongteknolog og då var det gjort. Eg blei avdelingsleiar for blandeverket og ansvarleg for utviklinga og forbetringa av betongen.  

 

Hva liker du ved jobben din og hva er det som driver deg?

I Block Berge har eg den luksusen at eg kan sitte på kontoret og lese meg opp, planlegge og tenke ut ein god plan for korleis me skal få til ei forbetring eller teste noko nytt og deretter er det 30 sek så står eg midt i ein 20 000m2 elementfabrikk kor eg har alt eg treng av utstyr, material og ikkje minst dyktige medarbeidarar til å få gjennomført planen. I tillegg er det variasjonen med at ein dag er betongarbeid i fabrikken, neste dag er det konstruksjonsarbeid med hulldekke, teikning og berekning og neste dag er det møter med fabrikksjefen, avdelingsleiar for konstruktørane eller dagleg leiar for å finne ut korleis me skal komme i mål med planane om å få til lavkarbon pluss, fase ut CEM I til fordel for CEM III eller korleis me skal optimalisere det neste prosjektet sånn at det blir billigare, meir miljøvennleg og teknisk sett minst like bra.
Det som driver meg til alt dette er at genuint ønskje om å gjer ein forskjell og forbetre både betongbransjen og byggebransjen så godt eg kan.

 

 

  Hva er det som får deg til å føle seg virkelig fornøyd på jobben?

Eg blir veldig fornøyd når alle rundt meg blir fornøyd: Støypeansvarleg er fornøyd med konsistensen på betongen, ansvarleg for utheis neste dag er fornøyd med tidlegfastleiken, salg er fornøyd med at CO2-utsleppet er redusert og kunden er fornøyd med det endelege resultatet. Eg blir også veldig fornøyd kvar gong eg får det eg trur er ein god ide og så viser det seg at det faktisk er ein god ide. Av og til må eg berre innsjå at det ikkje var så lurt det eg hadde tenkt, for eksempel å pakke betongen så tett som mogleg med tilslag for å auke styrken og redusere sementbehovet. Det var ein fin tanke, men betongen blei veldig tung å støype ut.
Det er også veldig tilfredsstillande når eg endeleg klarer å løyse eit konstruksjonsproblem utan å måtte be andre i prosjektet om å endre på sin eigen plan.

 

  Hva er det morsomste du har vært med på i jobbsammenheng?  

Norsk Betongdag! Det er julafta, nyttår og bursdag på ein gong. Det er kanskje fordi eg tar jobben min litt for alvorleg. Eg gløymer å ha det kjekt og festleg. På betongdagen kan eg kombinere det faglege med det festlege. 

   

  Hva fyller du fritiden din med når du ikke holder på med betong? 

Dei siste året har det vore totalrenovering av gamalt hus og oppfølging av eit ekstremt prematurt barn. Eg blei far i januar 2020, 11 veker før termin. Huset er eit trehus frå 1966. Eg og kona har blitt einige om at me heller river det om nokre år og bygger nytt. I betong så klart.

 

Du er både Tekna-medlem og medlem i Norsk Betongforening. Hvorfor tenker du dette er viktig?  

Medlemskap i Tekna er viktig fordi det er på grunn av fagorganisasjonane at me som er arbeidstakarar i Noreg har det så bra som me har. Det er kjempeviktig å ikkje gløyme dette og vere med å holde fagforeiningane sterke. Så er det ekstra kjekt med Tekna at dei stadig arrangerer kurs og samlingar med fagleg påfyll.

Som medlem i Norsk Betongforening er eg med å støtter det gode arbeidet foreninga gjer. Eg får også tilgang til alle publikasjonane gratis og det er verdt medlemsskapsprisen 10 gangen.

 

Månedens Betongprofil er ny spalte på www.betong.net hvor vi ønsker å vise hvor variert og spennende vår bransje er og vi ønsker å vise frem dyktige og engasjerte personer som kan være til inspirasjon for andre, så send gjerne en epost til nb@tekna.no hvis du har forslag til hvem vi kan intervjue.

Del saken